fredag 12. desember 2008

Beitebruksplan


Beitebruksplanar har tradisjonelt vore eit verktøy for å synleggjere og styrke utmarksbeiteinteressene for eit større område eller for ein kommune. Eit eksempel på ein slik beitebruksplan for ein kommune kan du finne her (Valle kommune)



I prosjekt Beitelandskap i Hordaland har dei i dei siste åra laga beitebruksplanar for mindre område, gjerne innmark og og anna kulturmark i nærleiken til gardsbruka. Slika planar kan være eit nyttig hjelpemiddel for å organisere og planlegge eit nabo- og grunneigarsamarbeid der måla er å hindre attgroing av kulturlandskapet i nærområda, og å utnytte dei lokale ressursane på best mogleg måte.


Les meir om beitebruksplanar på beitedyr.no

fredag 5. desember 2008

Lønnsforskjellar i husdyrnæringa?

I ein avisartikkel i Trønder Avisa 04.12.08 blir sett fokus på lønnsforskjellar innad i landbruksnæringa.

Tall frå NILF syner at dei grovfor- og beitebrukande produksjonane er lønnstaparane i landbruket. Plansjane fra presentasjonen av årets driftgranskningar finn du her, sjekk plansje 24 og 25..

torsdag 4. desember 2008