fredag 12. desember 2008

Beitebruksplan


Beitebruksplanar har tradisjonelt vore eit verktøy for å synleggjere og styrke utmarksbeiteinteressene for eit større område eller for ein kommune. Eit eksempel på ein slik beitebruksplan for ein kommune kan du finne her (Valle kommune)



I prosjekt Beitelandskap i Hordaland har dei i dei siste åra laga beitebruksplanar for mindre område, gjerne innmark og og anna kulturmark i nærleiken til gardsbruka. Slika planar kan være eit nyttig hjelpemiddel for å organisere og planlegge eit nabo- og grunneigarsamarbeid der måla er å hindre attgroing av kulturlandskapet i nærområda, og å utnytte dei lokale ressursane på best mogleg måte.


Les meir om beitebruksplanar på beitedyr.no

fredag 5. desember 2008

Lønnsforskjellar i husdyrnæringa?

I ein avisartikkel i Trønder Avisa 04.12.08 blir sett fokus på lønnsforskjellar innad i landbruksnæringa.

Tall frå NILF syner at dei grovfor- og beitebrukande produksjonane er lønnstaparane i landbruket. Plansjane fra presentasjonen av årets driftgranskningar finn du her, sjekk plansje 24 og 25..

torsdag 4. desember 2008

søndag 30. november 2008

Beiteprosjektet i Vågslid, Vinje

Tiltaka i Vågslid har blitt omtala i ein ny artikkel i medlemsbladet til Telemark Bondelag:


I Vinje er Vågslid valt ut som pilotområde. Fjellbygda har 9 landbrukseigedommar og har i følje gardskart ca 210 daa innmarksareal. I førekant av beiteprosjektet vart det ikkje hausta på ein einaste gard, og den gamle kulturmarka vart meir og meir prega av attgroing. Vågslid er porten til Vinje og Telemark for reisande frå Vestlandet på E -134, og det er stor aktivitet innanfor turistnæring og hyttebygging i området.


I regi av beiteprosjektet er det no henta inn husdyr utanfrå, ein storfebesetning med Aberdeen Angus kyr har sommaren 2008 arbeid på spreng med å ta i bruk den gamle beitemarka. Dyra går på godt arrondera beiteområder, i mange tilfelle på tvers av eigedomsgrensene. Det er så langt investera om lag 100 000 kr i gjerding og gjerdemateriell, og dette arbeidet vil fortsette neste sommar.


Eigarane har gjennom organiseringa i Vågslid grunneigarlag gjort avtale om bruken av innmarka for ein 5 års periode. Tiltaket i Vinje er eit godt eksempel, der ein med grunneigarorganisering og nytenking har fått til eit tiltak som har ein stor kulturlandskapseffekt, ein har styrka næringsgrunnlaget for ein aktiv husdyrbrukar, og samtidig som ein held jordressursane i grenda i hevd.


tirsdag 18. november 2008

Bondecafe i Gjerstad

Beiteprosjektet er tema på bondecafe på Lyngrillen i Gjerstad 8 desember kl 19.30. Møtet er opent for alle interesserte.

Som foredragshaldar på møtet har dei henta inn Bastian Hoffmann som er tilsett hjå Fylkesmannen i Hordaland, som prosjektleiar på prosjektet "Landskap i drift". Han skulle som kjent også vore med på samlinga på Evje i mai, men vart då forhindra frå å møte. I Hordaland har dei fokusera på beitedyr og kulturlandskap i fleire prosjektarbeid, og me reknar med at Bastian har mykje relevant kunnskap for beiteprosjektet i Agder og Telemark.

Aktuelle tema er:

-beitebruksplanar
-gjerdertype på innmark og utmark avhengig av dyreslag
- sambeiting - erfaringar.
- krav til storleiken på beitet pr dyr - kor store beiteområder
- avtalar med dei som stiller beitedyr til disposisjon
- avtale om og betaling for beiteareal?
- kven ryddar beiteområda?
- tilsyn og transport av dyr
- tilrettelegging for allmenn ferdsel i/i tilknytting til beiteområda?

Det vil vidare bli gjeve ei orientering om beiteprosjektet i Gjerstad og Risør, som føljas opp med ei markering av oppstarten i lokalaviser og på kommunens nettside.

mandag 10. november 2008

Ny infofilm

I rekken med norske filmklassikere; Gategutter, Ni Liv, Kampen om tungtvannet, er det nå klart for premiere på Beiteprosjektet nye informasjonsfilm.

I dette forrykende actioneventyret er det ikke spart på filmeffektene, beitedyras rolle i det norske landbruket blir fremstillt i et vanvittig tempo.

Anbefalt aldersgrense: 28

onsdag 5. november 2008

Fagsamlinga vel i havn!

Med kvite fjelltoppar og (nesten) grønne kulturlandskap som ramme arrangera Beiteprosjektet fagsamling med nesten 40 deltakarar i Valle i Setesdal 28. oktober.

Samlinga må seiast å være velykka, med interessante foredrag og ei fin synfaring. Ein engasjera ordførar, eit imponerande prosjektområde og solid guiding frå lokalt landbrukskontor gjorde rundturen i Valle kyrkjebygd til ei oppleving.

Plansjane frå foredraga kan de sjå her:

tirsdag 16. september 2008

Fagsamling i Beiteprosjektet


Den 28.10.08 blir det i regi av Beiteprosjektet i Agder og Telemark arrangera heildags fagsamling i Valle i Setesdal.


Programmet finn de her


Samlinga vil være open for alle interesserte. Påmelding til hans.jorgen.aase@bondelaget.no



Ny forskningsrapport om utmarksbeite


NTNU har nyleg utgjeve ein ny forskningsrapport med tittel: Hjortedyr og husdyr på beite i norsk utmark 1949-1999
Rapporten gjev ei interessant samanstilling av korleis det totale beitetrykket i utmark, av både husdyr og hjortevilt, har utvikla seg over tid.
Auka hjorteviltbestander har i dei siste tiåra i ein stor grad teke over fro redusera tal med husdyr på utmarksbeite. Endringar i beitedyrsammansettninga fører med seg eit skifte frå grasetar-dominans(storfe og sau) til ein dominans av lauv- og kvistbeitarar (hjortedyr).

mandag 8. september 2008

Sirdal på gang


Pilotprosjektet i Sirdal hadde synfaring med etterføljande møte i styringsgruppa 03.09. Blandt 5 område i kommunen som har vist interesse for deltaking i Beiteprosjektet valgte no styringsgruppa å satse først i eit område i Tjørhom, Øvre Sirdal.

Fleire utfordringar kan være aktuelle å sjå på i dette området, mellom anna;


  • Betre arrondering av beiteområde, oppstykka eigedomsstruktur i dag

  • Nyutvikling på gjerdehald, gjerdetypar

  • Nabosamarbeid på drift

  • Rydding av attgrodd areal, og kantsoner langs veg

  • Beitebruk ved fritidshytter og bolighus

  • Eksponering av gamle kulturminne

Åge Gylland er tilsett som prosjektleiar i Sirdal, og vil ha base ved landbruksforvaltninga på Tonstad. Han kan kontaktast på tlf 90772691 og epost ag@sirdal.kommune.no

onsdag 3. september 2008

Styringsgruppemøte i Vågslid

Styringsgruppa for hovedprosjektet hadde møte på Vågslid høgfjellshotell 20.08.
Etter den vanlege møtebolken, fekk styringsgruppa ei orientering om delprosjekta i Tokke (Elin Skaalid) og Vinje (Tone Edland).

Møtet vart avslutta med synfaring i Vågslid, der to flokkar med svarte Aberdeen Angus jobber for harde livet med å gnage fram att gammal kulturmark i fjellbygda.

mandag 1. september 2008

Ny prosjektleiar i Lindes-Mandal

Pål Fasseland startar i desse dagar opp som prosjektleiar på Beiteprosjektet i Lindesnes -Mandal. Pål vil arbeide med dette prosjektet i 30% stilling, i kombinasjon med anna prosjektarbeid ved landbrukskontoret. Han kan kontaktast på telefon:

Kontor 38255132 Mob: 99701223.

Beiteprosjektet er nyleg omtala i lokalavisa Lindesnes; På nytt beite

tirsdag 22. juli 2008

Beitebank i Lyngdal



Beiteprosjektet i Lyngdal vil opprette "beitebank".
Grunneiere og husdyrholdere får nå tilsendt informasjonsbrev om planene.

Økt beitebruk kan skje gjennom en formidling
av husdyr og beitearealer gjennom en
”Beitebank”.
Eiendommer uten husdyr låner/leier inn
beitedyr fra husdyrholdere eller areal stilles til
disposisjon for husdyrholdere.
Prosjektet har også fått omtale i Farsund Avis

mandag 21. juli 2008

Beiteslepp i Vinje


Beiteslepp i Vågslid med omtale i Telemarksavisene:

Varden
Vest-Telemark Blad

mandag 14. juli 2008

Beiteprosjektet har fått eigen heimeside!

Den lange og tunge ventetida er over!! En stjerne er født på netthimmelen. WWW blir aldri den samme.

http://www.beitedyr.no/

torsdag 19. juni 2008

Fagsamling

Beiteprosjektet arrangerte fagsamling for pilotkommuner og andre andre interesserte på Evje 21.05.08. Med totalt 40 deltakere og foredragsholdere med et bredt spekter på sine faglige innlegg må dagen kunne karakteriseres som vellykket.

Siste del av fagsamlingen var forbeholdt pilotkommunene som presentere status og planer for det lokale prosjektarbeidet.

onsdag 2. april 2008

Vågslid i Vinje - oppstartsmøte


I Vinje er fjellbygda Vågslid utvalt som pilotområde.
Den 26.03 vart det gjennomført synfaring og oppstartsmøte i beiteprosjektet. Med 1,5 meter snø på innmarka, og enda høgare brøytekantar, kan det vel seiast at me var ute i god tid i forhold til beitesesongen:-)
Synfaringa og møtet var likevel svært nyttig og konstruktivt. I Vågslid er det 8-9 grunneigarar/landbrukseigedommar, og det er i dag ikkje drift på nokon av eigedommane. Jordbruksarealet er ifølge gardskart 215 daa. Grunneigarane var organisera i Vågslid grunneigarlag, og leiar Odd Heggenes hadde fullmakt til å "by fram" alt landbruksarealet til beiting og skjøtsel. Med på møtet var også Elisabeth Haugarne som kunne tenke seg å nytte arealet til beite for si kjøttfebesetning.
Det er stor turistverksemd og hyttebygging i området, og prosjektet er derfor interessant i forhold til reiseliv/landbruk. Skjøtsel av alpinanlegg i nærområdet med beitedyr, kan være ei naturleg utviding av prosjektet.
Oppdraget vurderast som konkret og realiserbart, sjølv om det gjenstår mykje arbeid i form av planlegging, avtaler, og praktisk gjennomføring.
Tone Edland er hyra som lokal prosjektleiar, og kommunen tek ansvar for etablering av styringsgruppe i næraste framtid.

Oppstartsmøte i Tinn


01.04 blei det gjennomført oppstartsmøte i Tinn. Utvald pilotområde er Tinn Austbygde. Austbygde er eit interessant område med eit til dels aktivt husdyrmiljø og eit kulturlandskap med gamle tømra byggningar og mange kulturminne. Området har likevel utfordringar: Attgroing, lønnsemd i husdyrhaldet, rekruttering til næringa, organisering og planlegging av beitebruken m.m.


På møtet blei det nedsett ei styringsgruppe, der kommunen ved Sigmund Røysland vart prosjektansvarleg og Barbro Stordalen vart prosjektleiar. I tillegg hadde gruppa representantar frå grunneigar og husdyrsida, samt Anita Tapio frå reiselivsnæringa i kommunen.

tirsdag 1. april 2008

Happy cows

I California brukes lykkelige dyr på beite til å markedsføre og profilere melkeprodukter:

http://www.realcaliforniamilk.com/happycowstv

http://www.youtube.com/watch?v=S-B2dK4kr7o

De her er bra, og er kanskje noe vi bør tenke på i Norge..

Prosjekt Beitelandskap i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland har gjennomført, og vidarefører no eit prosjekt (Prosjekt beitelandskap) som til ein viss grad er samanfallande med prosjektet vårt.

Håndboka derfra er bra og liknar på det som bør være eit delresultat av prosjektet i Agder og Telemark. På desse sidene finnes også utkast til skjøtselplanar/beitebruksplaner og andre avtaler som kan omarbeidast til vårt bruk.

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2006/Kulturlandskap-Korleis-styre-attgroinga-.html?id=100992

http://hordaland.lfr.no/default.asp?WCI=DisplayGroup&WCE=1882&DGI=1882

http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=22421

Avisreportasjer om beiteprosjektet

http://www.varden.no/article/20070902/NYHET/709010025/1001/_

http://www.vtb.no/vis.php?id=3367

Bakgrunn for prosjektet




Vakkert og variera kulturlandskap
Agder og Telemark er prega av ein småskala bruksstruktur med store topografiske variasjonar. Regionen har store eng- og beiteareal, men ofte med dårleg arrondering. Dette gjev grunnlag for eit spesielt, variert og vakkert kulturlandskap, forma av landbrukets kultivering og beitebruk gjennom århundra. Det er ikkje bare bonden som har nytte av dette produksjons- og kulturlandskapet, men heile bygda med innbyggarar, reiseliv og anna næringsliv.


Som etter svartedauen!
Landskapet i mange bygder i Telemark og Agder blir no i stadig sterkare grad prega av attgroing, der tidlegare skjøtta og bruka kulturlandskap no gror att med krattvegetasjon og ustelt lauvskog. Dette blir ofte samanlikna med utviklinga etter at svartedauen hadde herja landet!
Årsaken til dette er reduksjon i talet på beitedyr, og endringar i driftsformane i landbruket. Satt på spissen er krava til effektivitet nå så store at dei husdyra som er att må stå på båsen å ete kraftfor, mens det ikkje er økonomi til å kunne nytte beiteareala utanfor! Me er på veg til å få eit landbruk som bråsluttar der skurtreskaren og rundballepressa sluttar å gå.
Det er også eit paradoks at i ei næring som generelt er pressa økonomisk, er dei produksjonsformene som er viktigast for å halde landskapet ope og areala i hevd, lågast lønna!


Til kamp mot nedlegging og attgroing!
Beitedyr er nøkkelen i kampen mot attgroinga i kulturlandskapet. Med støtte i SMIL midlane er det i mange områder gjennomført mekanisk skjøtsel og restaurering av gamal kulturmark. Dette er viktige og svært synlege tiltak, som har ført til at landskapet har opna seg opp i mange bygder. For at desse tiltaka skal få ein varig effekt er det heilt naudsynt med eit planmessig bruk av beitedyr i etterkant.
For å få til ein varig storskala kulturlandskaps-skjøtsel er ein derfor avhengig av ei generell betring av økonomien i husdyrhaldet, og at det blir lagt til rette for at dei beitedyra som er blir bruka på ein effektiv måte. For å få heilskap i kulturlandskapsarbeidet må også grunneigarar som har eigendommar og areal dei ikkje nyttar, inngå i eit samarbeid for å halde areala i hevd.
Auka verdiskapning og økonomi med beitebruk på innmarksbeiteareala er viktig i kampen mot nedlegging av gardsbruk og attgroing av kulturlandskap.


Beiteprosjektet
Gjennom dette samarbeidsprosjektet vil Bondelaga og Bonde- og småbrukarlaga setje fokus på desse problemstillingane. Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunane, faglag, landbruksavdelingane hos Fylkesmennene og Landbruks- og matdepartementet (LMD).
I ti utvalde forsøkskommunar vil ein prøve ut ulike tiltak og samarbeidsformer for å styrke den grovforbasera husdyrnæringa. I kvar kommune blir det organisera ei lokal prosjektgruppe, der m.a. grunneigarar, husdyrhalderar, kommunen og faglag er representera. Økonomisk er det sett av 200.000,- årleg i to år i kvar pilotkommune til å finansiere dette arbeidet. Prosjektet vil vidare utrede og arbeide for rammevilkår som kan styrke økonomien innanfor beitebruk.

Pressemelding NBS

”Produksjon av sau og storfekjøtt har en inntekt pr årsverk på om lag kr 100.000, og her ligger mye av forklaringen på at vi ikke greier å dekke innenlands etterspørsel etter disse produktene. Det er tragisk at ”graslandet” Norge gror igjen samtidig som vi må importere sau og storfekjøtt. Sau , storfe og mjølkeproduksjon må gis et historisk inntektsløft”.
http://www.landbruketshus.no

Om Beiteprosjektet

Bondelaga, og Bonde- og småbrukarlaga i Telemark og Agder gjennomfører i 2008/09 eit toårig prosjekt med fokus på husdyrhald, beite og kulturlandskapskjøtsel.

Pilotkommunar
Prosjektet har inngått avtale med kommunane: Sirdal, Lindesnes og Mandal, Lyngdal, Valle, Gjerstad og Risør, Tokke, Nissedal, Tinn, Hjartdal og Vinje om å være forsøkskommunar. I den grad ressursane tillet det vil ein også støtte opp om tiltak og prosessar i andre kommunar.

Hovudmålsetting
Sikre og auke beitebruken for å ta vare på kulturlandskapet i fylka Telemark, Vest- og Aust–Agder, samt identifisere tiltak og ordningar som kan styrkje driftsøkonomien i husdyrproduksjonar gjennom aktivt beitebruk.

Næringsutvikling
I prosjektet vil vi prøve ut ulike former for samarbeid og mellom grunneigarar og husdyrbrukerar. Det vil også bli satsa på annan næringsutvikling innan fagområda.

Beiteprosjektet på nett

Som en test oppretter vi nå en blogg for Beiteprosjektet i Telemark og Agder.. Dette blir en en interaktiv opplevelse av dimensjoner...