onsdag 2. april 2008

Vågslid i Vinje - oppstartsmøte


I Vinje er fjellbygda Vågslid utvalt som pilotområde.
Den 26.03 vart det gjennomført synfaring og oppstartsmøte i beiteprosjektet. Med 1,5 meter snø på innmarka, og enda høgare brøytekantar, kan det vel seiast at me var ute i god tid i forhold til beitesesongen:-)
Synfaringa og møtet var likevel svært nyttig og konstruktivt. I Vågslid er det 8-9 grunneigarar/landbrukseigedommar, og det er i dag ikkje drift på nokon av eigedommane. Jordbruksarealet er ifølge gardskart 215 daa. Grunneigarane var organisera i Vågslid grunneigarlag, og leiar Odd Heggenes hadde fullmakt til å "by fram" alt landbruksarealet til beiting og skjøtsel. Med på møtet var også Elisabeth Haugarne som kunne tenke seg å nytte arealet til beite for si kjøttfebesetning.
Det er stor turistverksemd og hyttebygging i området, og prosjektet er derfor interessant i forhold til reiseliv/landbruk. Skjøtsel av alpinanlegg i nærområdet med beitedyr, kan være ei naturleg utviding av prosjektet.
Oppdraget vurderast som konkret og realiserbart, sjølv om det gjenstår mykje arbeid i form av planlegging, avtaler, og praktisk gjennomføring.
Tone Edland er hyra som lokal prosjektleiar, og kommunen tek ansvar for etablering av styringsgruppe i næraste framtid.

Oppstartsmøte i Tinn


01.04 blei det gjennomført oppstartsmøte i Tinn. Utvald pilotområde er Tinn Austbygde. Austbygde er eit interessant område med eit til dels aktivt husdyrmiljø og eit kulturlandskap med gamle tømra byggningar og mange kulturminne. Området har likevel utfordringar: Attgroing, lønnsemd i husdyrhaldet, rekruttering til næringa, organisering og planlegging av beitebruken m.m.


På møtet blei det nedsett ei styringsgruppe, der kommunen ved Sigmund Røysland vart prosjektansvarleg og Barbro Stordalen vart prosjektleiar. I tillegg hadde gruppa representantar frå grunneigar og husdyrsida, samt Anita Tapio frå reiselivsnæringa i kommunen.

tirsdag 1. april 2008

Happy cows

I California brukes lykkelige dyr på beite til å markedsføre og profilere melkeprodukter:

http://www.realcaliforniamilk.com/happycowstv

http://www.youtube.com/watch?v=S-B2dK4kr7o

De her er bra, og er kanskje noe vi bør tenke på i Norge..

Prosjekt Beitelandskap i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland har gjennomført, og vidarefører no eit prosjekt (Prosjekt beitelandskap) som til ein viss grad er samanfallande med prosjektet vårt.

Håndboka derfra er bra og liknar på det som bør være eit delresultat av prosjektet i Agder og Telemark. På desse sidene finnes også utkast til skjøtselplanar/beitebruksplaner og andre avtaler som kan omarbeidast til vårt bruk.

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2006/Kulturlandskap-Korleis-styre-attgroinga-.html?id=100992

http://hordaland.lfr.no/default.asp?WCI=DisplayGroup&WCE=1882&DGI=1882

http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=22421

Avisreportasjer om beiteprosjektet

http://www.varden.no/article/20070902/NYHET/709010025/1001/_

http://www.vtb.no/vis.php?id=3367

Bakgrunn for prosjektet




Vakkert og variera kulturlandskap
Agder og Telemark er prega av ein småskala bruksstruktur med store topografiske variasjonar. Regionen har store eng- og beiteareal, men ofte med dårleg arrondering. Dette gjev grunnlag for eit spesielt, variert og vakkert kulturlandskap, forma av landbrukets kultivering og beitebruk gjennom århundra. Det er ikkje bare bonden som har nytte av dette produksjons- og kulturlandskapet, men heile bygda med innbyggarar, reiseliv og anna næringsliv.


Som etter svartedauen!
Landskapet i mange bygder i Telemark og Agder blir no i stadig sterkare grad prega av attgroing, der tidlegare skjøtta og bruka kulturlandskap no gror att med krattvegetasjon og ustelt lauvskog. Dette blir ofte samanlikna med utviklinga etter at svartedauen hadde herja landet!
Årsaken til dette er reduksjon i talet på beitedyr, og endringar i driftsformane i landbruket. Satt på spissen er krava til effektivitet nå så store at dei husdyra som er att må stå på båsen å ete kraftfor, mens det ikkje er økonomi til å kunne nytte beiteareala utanfor! Me er på veg til å få eit landbruk som bråsluttar der skurtreskaren og rundballepressa sluttar å gå.
Det er også eit paradoks at i ei næring som generelt er pressa økonomisk, er dei produksjonsformene som er viktigast for å halde landskapet ope og areala i hevd, lågast lønna!


Til kamp mot nedlegging og attgroing!
Beitedyr er nøkkelen i kampen mot attgroinga i kulturlandskapet. Med støtte i SMIL midlane er det i mange områder gjennomført mekanisk skjøtsel og restaurering av gamal kulturmark. Dette er viktige og svært synlege tiltak, som har ført til at landskapet har opna seg opp i mange bygder. For at desse tiltaka skal få ein varig effekt er det heilt naudsynt med eit planmessig bruk av beitedyr i etterkant.
For å få til ein varig storskala kulturlandskaps-skjøtsel er ein derfor avhengig av ei generell betring av økonomien i husdyrhaldet, og at det blir lagt til rette for at dei beitedyra som er blir bruka på ein effektiv måte. For å få heilskap i kulturlandskapsarbeidet må også grunneigarar som har eigendommar og areal dei ikkje nyttar, inngå i eit samarbeid for å halde areala i hevd.
Auka verdiskapning og økonomi med beitebruk på innmarksbeiteareala er viktig i kampen mot nedlegging av gardsbruk og attgroing av kulturlandskap.


Beiteprosjektet
Gjennom dette samarbeidsprosjektet vil Bondelaga og Bonde- og småbrukarlaga setje fokus på desse problemstillingane. Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunane, faglag, landbruksavdelingane hos Fylkesmennene og Landbruks- og matdepartementet (LMD).
I ti utvalde forsøkskommunar vil ein prøve ut ulike tiltak og samarbeidsformer for å styrke den grovforbasera husdyrnæringa. I kvar kommune blir det organisera ei lokal prosjektgruppe, der m.a. grunneigarar, husdyrhalderar, kommunen og faglag er representera. Økonomisk er det sett av 200.000,- årleg i to år i kvar pilotkommune til å finansiere dette arbeidet. Prosjektet vil vidare utrede og arbeide for rammevilkår som kan styrke økonomien innanfor beitebruk.

Pressemelding NBS

”Produksjon av sau og storfekjøtt har en inntekt pr årsverk på om lag kr 100.000, og her ligger mye av forklaringen på at vi ikke greier å dekke innenlands etterspørsel etter disse produktene. Det er tragisk at ”graslandet” Norge gror igjen samtidig som vi må importere sau og storfekjøtt. Sau , storfe og mjølkeproduksjon må gis et historisk inntektsløft”.
http://www.landbruketshus.no

Om Beiteprosjektet

Bondelaga, og Bonde- og småbrukarlaga i Telemark og Agder gjennomfører i 2008/09 eit toårig prosjekt med fokus på husdyrhald, beite og kulturlandskapskjøtsel.

Pilotkommunar
Prosjektet har inngått avtale med kommunane: Sirdal, Lindesnes og Mandal, Lyngdal, Valle, Gjerstad og Risør, Tokke, Nissedal, Tinn, Hjartdal og Vinje om å være forsøkskommunar. I den grad ressursane tillet det vil ein også støtte opp om tiltak og prosessar i andre kommunar.

Hovudmålsetting
Sikre og auke beitebruken for å ta vare på kulturlandskapet i fylka Telemark, Vest- og Aust–Agder, samt identifisere tiltak og ordningar som kan styrkje driftsøkonomien i husdyrproduksjonar gjennom aktivt beitebruk.

Næringsutvikling
I prosjektet vil vi prøve ut ulike former for samarbeid og mellom grunneigarar og husdyrbrukerar. Det vil også bli satsa på annan næringsutvikling innan fagområda.

Beiteprosjektet på nett

Som en test oppretter vi nå en blogg for Beiteprosjektet i Telemark og Agder.. Dette blir en en interaktiv opplevelse av dimensjoner...