søndag 30. november 2008

Beiteprosjektet i Vågslid, Vinje

Tiltaka i Vågslid har blitt omtala i ein ny artikkel i medlemsbladet til Telemark Bondelag:


I Vinje er Vågslid valt ut som pilotområde. Fjellbygda har 9 landbrukseigedommar og har i følje gardskart ca 210 daa innmarksareal. I førekant av beiteprosjektet vart det ikkje hausta på ein einaste gard, og den gamle kulturmarka vart meir og meir prega av attgroing. Vågslid er porten til Vinje og Telemark for reisande frå Vestlandet på E -134, og det er stor aktivitet innanfor turistnæring og hyttebygging i området.


I regi av beiteprosjektet er det no henta inn husdyr utanfrå, ein storfebesetning med Aberdeen Angus kyr har sommaren 2008 arbeid på spreng med å ta i bruk den gamle beitemarka. Dyra går på godt arrondera beiteområder, i mange tilfelle på tvers av eigedomsgrensene. Det er så langt investera om lag 100 000 kr i gjerding og gjerdemateriell, og dette arbeidet vil fortsette neste sommar.


Eigarane har gjennom organiseringa i Vågslid grunneigarlag gjort avtale om bruken av innmarka for ein 5 års periode. Tiltaket i Vinje er eit godt eksempel, der ein med grunneigarorganisering og nytenking har fått til eit tiltak som har ein stor kulturlandskapseffekt, ein har styrka næringsgrunnlaget for ein aktiv husdyrbrukar, og samtidig som ein held jordressursane i grenda i hevd.


tirsdag 18. november 2008

Bondecafe i Gjerstad

Beiteprosjektet er tema på bondecafe på Lyngrillen i Gjerstad 8 desember kl 19.30. Møtet er opent for alle interesserte.

Som foredragshaldar på møtet har dei henta inn Bastian Hoffmann som er tilsett hjå Fylkesmannen i Hordaland, som prosjektleiar på prosjektet "Landskap i drift". Han skulle som kjent også vore med på samlinga på Evje i mai, men vart då forhindra frå å møte. I Hordaland har dei fokusera på beitedyr og kulturlandskap i fleire prosjektarbeid, og me reknar med at Bastian har mykje relevant kunnskap for beiteprosjektet i Agder og Telemark.

Aktuelle tema er:

-beitebruksplanar
-gjerdertype på innmark og utmark avhengig av dyreslag
- sambeiting - erfaringar.
- krav til storleiken på beitet pr dyr - kor store beiteområder
- avtalar med dei som stiller beitedyr til disposisjon
- avtale om og betaling for beiteareal?
- kven ryddar beiteområda?
- tilsyn og transport av dyr
- tilrettelegging for allmenn ferdsel i/i tilknytting til beiteområda?

Det vil vidare bli gjeve ei orientering om beiteprosjektet i Gjerstad og Risør, som føljas opp med ei markering av oppstarten i lokalaviser og på kommunens nettside.

mandag 10. november 2008

Ny infofilm

I rekken med norske filmklassikere; Gategutter, Ni Liv, Kampen om tungtvannet, er det nå klart for premiere på Beiteprosjektet nye informasjonsfilm.

I dette forrykende actioneventyret er det ikke spart på filmeffektene, beitedyras rolle i det norske landbruket blir fremstillt i et vanvittig tempo.

Anbefalt aldersgrense: 28

onsdag 5. november 2008

Fagsamlinga vel i havn!

Med kvite fjelltoppar og (nesten) grønne kulturlandskap som ramme arrangera Beiteprosjektet fagsamling med nesten 40 deltakarar i Valle i Setesdal 28. oktober.

Samlinga må seiast å være velykka, med interessante foredrag og ei fin synfaring. Ein engasjera ordførar, eit imponerande prosjektområde og solid guiding frå lokalt landbrukskontor gjorde rundturen i Valle kyrkjebygd til ei oppleving.

Plansjane frå foredraga kan de sjå her: