mandag 27. juli 2009

Gjerdedagane gjennomført

Beiteprosjektet har i samarbeid med FKRA gjennomført to gjerdesamlingar i Agder, ei i Gjerstad og ei i Mandal.

Steepen og Harald bygde gjerde så svetten sila, solide kombinasjonsgjerde med netting og straum.

Her er omtale av gjerdebygginga, henta frå ei reportasje som som kjem i neste nummer av bladet Bondevennen:

Den profesjonelle gjerdebyggaren Stephen Good frå Oxfordshire i England demonstrerte bygging av husdyrgjerde som skal stå for ein støyt. Han har røynsle frå gjerdebygging i mange land og fleire verdsdelar. Felleskjøpet Rogaland Agder ved Harald Støyl deltok med materiell, utstyr og kompetanse.

Bygg solid
Stephen Good legg æra i at gjerda han set opp, skal tola ein støyt. Dei skal vera haldbare, med minimalt med vedlikehald i ein 20 – 30 års periode. Men alle gjerde treng årleg ettersyn, for eventuell etterstramming eller mindre reparasjonar.

Ein svært viktig del av dei gjerda Stephen Good byggjer, er ende- og knekkpunkt. Her skal det vera minst 12 cm diameter på stolpen, og den skal vera bardunert, gjerne også støtta opp med ein skråstilt stolpe.

Mellom endestolpane bruker han trestolpar med 8 cm diameter, eller stålstolpar. Det siste særleg der det er fjell eller stor stein. Stephen kan fortelja at dette med stål, fjell og stein er særnorsk. Der han arbeider til vanleg, er det djup og til dels laus jord, og då er det trestolpar som rår.

Han har med seg ulike slag spesialutstyr som han nyttar til gjerdebygginga. Dette kan beiteprosjektet hjelpa til med innkjøp av, om nokon skulle ynskja det .

God stramming
Eit solid og varig gjerde må vera godt stramma. Då greier korkje snø, vegetasjon eller dyr å bryta det ned.

God stramming krev høg kvalitet på nett, tråd og anna materiell. Stephen nyttar nett med 3,4 mm tråd oppe og nede, og 2,5 mm mellom. Vernetråd og straumførande tråd er 2,5 mm ”high tension-tråd”, altså forstrekt, som toler trekk på 980 kg.

Stephen Good er heilt klar på at alt som støttar, strammar og trekkjer må vera beint. Det gjeld også festing av nettingen på endestolpen, der det ikkje blir brukt krampar, men ein knute som er sjølvstrammande på kvar enkelt tråd, og kjem midt i lengderetninga på stolpen.

For å stramma opp gjerdet kappar han det på ein høveleg stad mellom endepålar, skruer fast stålskinar, jekkar det saman og set på ein lås på kvar tråd. Ved behov for etterstramming er dette lett å opna opp og deretter stramma.

Vernetråd og straumtråd
- Det er svært viktig med vernetråd både over og under nettingen. Den er med og strammar opp, men har også ein betydeleg effekt i å skremma dyra frå å hoppa. ”Avskrekkingseffenten” er målt til minst at 30 prosent færre dyr hoppar. Det har noko med dyra si evne til å vurdera høgde når det ikkje er vertikale trådar som bind saman, forklarer Harald Støyl, som legg til at med straumtråd på toppen held ein alle tradisjonelle husdyr innafor, og gjerdet verkar avskrekkande på ville dyr

Det gjerdet som blei sett opp her, er berekna både på storfe og småfe. Til storfe aleine kunne det vore sett opp med til saman fire trådar i staden for netting og tre trådar. Då ville ein redusert kostnaden med 20 - 30 kroner pr. meter gjerde.

Ingen kommentarer: