onsdag 2. april 2008

Vågslid i Vinje - oppstartsmøte


I Vinje er fjellbygda Vågslid utvalt som pilotområde.
Den 26.03 vart det gjennomført synfaring og oppstartsmøte i beiteprosjektet. Med 1,5 meter snø på innmarka, og enda høgare brøytekantar, kan det vel seiast at me var ute i god tid i forhold til beitesesongen:-)
Synfaringa og møtet var likevel svært nyttig og konstruktivt. I Vågslid er det 8-9 grunneigarar/landbrukseigedommar, og det er i dag ikkje drift på nokon av eigedommane. Jordbruksarealet er ifølge gardskart 215 daa. Grunneigarane var organisera i Vågslid grunneigarlag, og leiar Odd Heggenes hadde fullmakt til å "by fram" alt landbruksarealet til beiting og skjøtsel. Med på møtet var også Elisabeth Haugarne som kunne tenke seg å nytte arealet til beite for si kjøttfebesetning.
Det er stor turistverksemd og hyttebygging i området, og prosjektet er derfor interessant i forhold til reiseliv/landbruk. Skjøtsel av alpinanlegg i nærområdet med beitedyr, kan være ei naturleg utviding av prosjektet.
Oppdraget vurderast som konkret og realiserbart, sjølv om det gjenstår mykje arbeid i form av planlegging, avtaler, og praktisk gjennomføring.
Tone Edland er hyra som lokal prosjektleiar, og kommunen tek ansvar for etablering av styringsgruppe i næraste framtid.

Ingen kommentarer: