tirsdag 1. april 2008

Bakgrunn for prosjektet




Vakkert og variera kulturlandskap
Agder og Telemark er prega av ein småskala bruksstruktur med store topografiske variasjonar. Regionen har store eng- og beiteareal, men ofte med dårleg arrondering. Dette gjev grunnlag for eit spesielt, variert og vakkert kulturlandskap, forma av landbrukets kultivering og beitebruk gjennom århundra. Det er ikkje bare bonden som har nytte av dette produksjons- og kulturlandskapet, men heile bygda med innbyggarar, reiseliv og anna næringsliv.


Som etter svartedauen!
Landskapet i mange bygder i Telemark og Agder blir no i stadig sterkare grad prega av attgroing, der tidlegare skjøtta og bruka kulturlandskap no gror att med krattvegetasjon og ustelt lauvskog. Dette blir ofte samanlikna med utviklinga etter at svartedauen hadde herja landet!
Årsaken til dette er reduksjon i talet på beitedyr, og endringar i driftsformane i landbruket. Satt på spissen er krava til effektivitet nå så store at dei husdyra som er att må stå på båsen å ete kraftfor, mens det ikkje er økonomi til å kunne nytte beiteareala utanfor! Me er på veg til å få eit landbruk som bråsluttar der skurtreskaren og rundballepressa sluttar å gå.
Det er også eit paradoks at i ei næring som generelt er pressa økonomisk, er dei produksjonsformene som er viktigast for å halde landskapet ope og areala i hevd, lågast lønna!


Til kamp mot nedlegging og attgroing!
Beitedyr er nøkkelen i kampen mot attgroinga i kulturlandskapet. Med støtte i SMIL midlane er det i mange områder gjennomført mekanisk skjøtsel og restaurering av gamal kulturmark. Dette er viktige og svært synlege tiltak, som har ført til at landskapet har opna seg opp i mange bygder. For at desse tiltaka skal få ein varig effekt er det heilt naudsynt med eit planmessig bruk av beitedyr i etterkant.
For å få til ein varig storskala kulturlandskaps-skjøtsel er ein derfor avhengig av ei generell betring av økonomien i husdyrhaldet, og at det blir lagt til rette for at dei beitedyra som er blir bruka på ein effektiv måte. For å få heilskap i kulturlandskapsarbeidet må også grunneigarar som har eigendommar og areal dei ikkje nyttar, inngå i eit samarbeid for å halde areala i hevd.
Auka verdiskapning og økonomi med beitebruk på innmarksbeiteareala er viktig i kampen mot nedlegging av gardsbruk og attgroing av kulturlandskap.


Beiteprosjektet
Gjennom dette samarbeidsprosjektet vil Bondelaga og Bonde- og småbrukarlaga setje fokus på desse problemstillingane. Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunane, faglag, landbruksavdelingane hos Fylkesmennene og Landbruks- og matdepartementet (LMD).
I ti utvalde forsøkskommunar vil ein prøve ut ulike tiltak og samarbeidsformer for å styrke den grovforbasera husdyrnæringa. I kvar kommune blir det organisera ei lokal prosjektgruppe, der m.a. grunneigarar, husdyrhalderar, kommunen og faglag er representera. Økonomisk er det sett av 200.000,- årleg i to år i kvar pilotkommune til å finansiere dette arbeidet. Prosjektet vil vidare utrede og arbeide for rammevilkår som kan styrke økonomien innanfor beitebruk.

Ingen kommentarer: