søndag 30. november 2008

Beiteprosjektet i Vågslid, Vinje

Tiltaka i Vågslid har blitt omtala i ein ny artikkel i medlemsbladet til Telemark Bondelag:


I Vinje er Vågslid valt ut som pilotområde. Fjellbygda har 9 landbrukseigedommar og har i følje gardskart ca 210 daa innmarksareal. I førekant av beiteprosjektet vart det ikkje hausta på ein einaste gard, og den gamle kulturmarka vart meir og meir prega av attgroing. Vågslid er porten til Vinje og Telemark for reisande frå Vestlandet på E -134, og det er stor aktivitet innanfor turistnæring og hyttebygging i området.


I regi av beiteprosjektet er det no henta inn husdyr utanfrå, ein storfebesetning med Aberdeen Angus kyr har sommaren 2008 arbeid på spreng med å ta i bruk den gamle beitemarka. Dyra går på godt arrondera beiteområder, i mange tilfelle på tvers av eigedomsgrensene. Det er så langt investera om lag 100 000 kr i gjerding og gjerdemateriell, og dette arbeidet vil fortsette neste sommar.


Eigarane har gjennom organiseringa i Vågslid grunneigarlag gjort avtale om bruken av innmarka for ein 5 års periode. Tiltaket i Vinje er eit godt eksempel, der ein med grunneigarorganisering og nytenking har fått til eit tiltak som har ein stor kulturlandskapseffekt, ein har styrka næringsgrunnlaget for ein aktiv husdyrbrukar, og samtidig som ein held jordressursane i grenda i hevd.


Ingen kommentarer: