mandag 2. mars 2009

Beiteprosjektet bidreg til etablering av Tyr Telemark




Mandag 16.03 blir det arrangera gardsbesøk og fagmøte med tema storfekjøttproduksjon i Seljord. Invitasjon til samlinga er sendt samtlege ca 340 storfehaldarar i heile Telemark.

Opplegget for kvelden er tredelt:




  • Gardsbesøk


  • Faglege foredrag


  • Etablering av fylkeslag av Tyr i Telemark

Telemark er eit av to fylke i landet som ikkje har eige fylkeslag i Tyr. Dette på tross av at det er
registrera 185 produsentar med ammeku/kjøttfe, og i tillegg kjem storfekjøttproduksjon på
mjølkebruk.

Her er møteinvitasjonen

Arrangementet er åpent for alle interesserte, velkommen..

Ingen kommentarer: